Chungking Mansions | |||
![]() | |||
Adresse | 36–44 Nathan Road, Tsim Sha Tsui, Hong Kong | ||
---|---|---|---|
Opna | 1961 | ||
Etasjar | 17 etasjar i 5 blokker | ||
![]() Chungking Mansions 22°17′47″N 114°10′22″E / 22.296388888889°N 114.17277777778°E |
Chungking Mansions er ein bygning som ligg i 36-44 Nathan Road i bydelen Tsim Sha Tsui i Kowloon i Hongkong. Bygningen er kjend for å tilby nokre av dei billegaste alternativa for overnatting i Hongkong. Bygningen er i utgangspunktet eit bustadskompleks, men inneheld mange små gjestehus som tilbyr billeg overnatting, i tillegg til butikkar, etestader og andre tenester. Den uvanlege atmosfæren i bygningen er blitt samanlikna med den til den tidlegare Kowloon Walled City.[1]
Folk av ulike etniske opphav held til eller treffer kvarandre her, særleg folk som stammar frå Sør-Asia, Midtausten og delar av Afrika som Nigeria.[2] Det blir drive kjøp og sal av ymse elektronikk, som mobiltelefonar og datamaskiner, klede og krydder her.