Civilization Phaze III Album av Frank Zappa | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. oktober 1994 | |
Innspelt | 1967, 1991 og 1992 ved Apostolic Studio, NYC (1967), UMRK og «Joe's Garage», Hollywood (1991/1992) | |
Sjanger | Klassisk musikk | |
Lengd | 113:40 | |
Selskap | Barking Pumpkin | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
The Yellow Shark (1993) |
Civilization Phaze III | The Lost Episodes (1996)
|
Civilization Phaze III er det 63. albumet til Frank Zappa, gjeve ut posthumt som eit dobbeltalbum den 31. oktober 1994.
Albumet markerer den tredje delen av ein konseptuell kontinuitet som starta med We're Only in It for the Money (1968), medan den andre delen er den redigerte versjonen av albumet Lumpy Gravy frå 1967. Soga på Civilization Phaze III involverer ei gruppe folk som lever inne i eit piano og den truande røyndomen i verda utafor. Temanet på albumet er personleg isolering og nasjonalisme.
Mykje av den improviserte dialogen var opphavleg spelt inn som ein del av innspelinga for We're Only in It for the Money og Uncle Meat, som består av noko dialog av dei same personane og noko av dialogen på dette albumet finst òg på den redigerte versjonen av Lumpy Gravy som kom i 1968. Ny dialog vart spelt inn av Zappa i 1991 og består av ein liknande improvisert dialog av medlemmmar i Ensemble Modern, dottera til Zappa, Moon Unit og skodespelaren Michael Rapaport.
Civilization Phaze III har blitt hylla som eit av dei beste verka til Zappa, særleg for den utfordrande og komplekse musikken framført på Synclavier.