Claude Debussy | |||
| |||
Fødd | 22. august 1862 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint-Germain-en-Laye | ||
Død | 25. mars 1918 (55 år) | ||
Dødsstad | 16. arrondissement | ||
Fødenamn | Claude Achille Debussy | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 1884–1918 | ||
Sjanger | opera, klassisk musikk, impressionistisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkritikar | ||
Far | Manuel Debussy | ||
Gift med | Emma Bardac, Marie-Rosalie Texier | ||
Born | Claude-Emma Debussy | ||
Prisar | Ridder av Æreslegionen, Prix de Rome |
Claude Debussy (22. august 1862–25. mars 1918) var ein fransk komponist. Debussy er kjend som ein representant for stilen impresjonisme, saman med Maurice Ravel.
Dei mest kjende verka hans er nok Prélude à l’après-midi d’un faune (Forspill til faunens ettermiddag) for orkester, Clair de lune for piano, Arabesque 1 for piano, og La fille aux cheveux de lin for piano. Musikken til Debussy har ofte noko drøymande over seg, med ein lett, raffinert klang, noko desse verka er døme på. Men det finst òg mykje humor og snert i Debussys verk, og ikkje minst psykologisk djupn.
Debussy lét seg mellom anna inspirere av jazz. Dette er tydeleg i Golliwog's Cake Walk, Le petit nègre, og Minstrels.