Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi måla av Bernardo Strozzi
Fødd15. mai 1567 (dåpsdato)
FødestadCremona
Død29. november 1643 (76 år)
DødsstadVenezia
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken, renessansen
SjangerKormusikk, opera
Verka somKomponist
Gift medEster Exposito

Claudio Zuan/Giovanni Antonio Monteverdi, òg Monteverde, (15. mai 156729. november 1643) var ein italiensk komponist, gambist og songar og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken. Han fekk særs stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter han døydde vart han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans vart gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.

Etter at Jacopo Peri skreiv dei aller første forsøka på det vi i dag kan kalle opera, var Monteverdi raskt ute med meir utvikla verk og han skreiv den eldste operaen som framleis jamleg vert oppført, L'Orfeo. Han var den første viktige operakomponisten og førte sjangeren fram til sitt tidlegaste høgdepunkt. Men musikken hans var òg omstridd og vart angripen av representantar for den gamle renessansestilen.

Dei første åtte samlingane til Monteverdi med madrigalar viser kva viktige skritt han tok frå den polyfone forma i renessansen til den monodiske forma i barokken. Den åttande madrigalboka med Madrigali guerrieri et amorosi («Madrigalar om krig og kjærleik») vert ofte halde fram som det ypparste innan denne musikkforma.

Monteverdi var ein overgangsfigur og vart gløymd etter kvart som dei etterfølgjande generasjonane bygde vidare på musikkformene i den tidlege barokken. Først etter at Gian Francesco Malipiero publiserte musikken til Monteverdi i 16 bind frå 1916 til 1942 voks interessa på ny.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne