Coimbra | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Centro | ||
Distrikt | Coimbra | ||
Areal | 316,83 km² | ||
Folketal | 140 816 (2021)[1] | ||
![]() Coimbra 40°12′40″N 8°25′44″W / 40.211111111111°N 8.4288888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Coimbra |
Coimbra er ein by og kommune i Portugal, og tidlegare hovudstad i landet. Her ligg Universitetet i Coimbra, den eldste akademiske institusjonen i den portugisisk talande delen av verda. Sjølve byen har like over 100 000 innbyggjarar, medan kommunen om lag har 150 000 innbyggjarar. I storbyområdet bur det derimot over 430 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad for Centro.
Coimbra er eit av dei viktigaste byområda i Portugal etter Lisboa, Porto og Minho storbyområde, som ligg rundt Braga. Det finst viktige arkeologiske ruinar frå den gong byen var den romerske byen Aeminium, som godt bevarte akvedukter og ein cryptoporticus, i tillegg til perioden då han var hovudstad i Portugal (frå 1139 til om lag 1260). Seint i mellomalderen vart Coimbra mindre viktig som maktsenter i Kongedømet Portugal og byrja å utvikla seg til eit stort kultursenter med grunnlegginga av universitetet i 1290. Universitetet, som er eitt av dei eldste i Europa, trekkjer til seg turistar som kjem for å sjå dei monumentale bygningane.