Columba

Columba
Ringdue, Columba palumbus Foto: Wikimedia-brukar Zyuza
Ringdue, Columba palumbus
Foto: Wikimedia-brukar Zyuza
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Slekt: Columba
Linnaeus, 1758

Den store fugleslekta Columba består av ei gruppe av middels til store, kraftig bygde duer, ofte referert til som dei typiske duene. Arten som ofte vert referert til berre som «dua» er bydue (C. livia domestica). Byduer vart ein gong avla frå arten klippedue, Columba livia, noko som òg har gjeve opphav til dei fleste domestiserte dueraser, slik som brevduer. Ringdue, Columba palumbus, engelsk 'Common Wood-Pigeon', blir somme tider kalt for skogduer og forveksla med arten med det norske namnet skogdue, Columba oenas.

Slik som inndelinga av duer til slekta Columba blir gjort i dag, er slekta avgrensa til «den gamle verda», men nokre fuglar, spesielt domistiserte og forvilla klippeduer, har blitt introduserte utanfor det naturlege utbredelsesområdet sitt, til dømes i Amerika.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne