Come from the Shadows Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Quadrophonic Sound Studios i Nashville | |
Sjanger | Viser, countryfolk, americana | |
Lengd | 41:38 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Joan Baez | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Blessed Are... (1971) |
Come from the Shadows | Where Are You Now, My Son? (1973)
|
Come from the Shadows var eit studioalbum frå 1972 av Joan Baez. Etter å ha gjeve ut musikk på det sjølvstendige selskapet Vanguard i meir enn ti år, signerte Baez for A&M og prøvde å ta karrieren sin i ei noko meir «kommersiell» retning (sjølv om albumet framleis hadde nokre politiske overtonar). I tillegg til sine eigne songar, som «Prison Trilogy», «Love Song to a Stranger», «Myths» og «To Bobby» (ein song til Bob Dylan), spelte Baez John Lennon sin «Imagine», Anna Marly sin «Song of the Partisan» og Mimi Fariña sin «In the Quiet Morning (for Janis Joplin)».
«In the Quiet Morning» og «Love Song to a Stranger» vart gjevne ut på singlar.
Albumet vart spelt inn i Quadrophonic Sound Studios i Nashville.
Plateomslaget syner eit eldre par som vert arrestert under ein antikrigsdemonstrasjon medan dei held hender og syner fredsteiknet då dei vert ført bort.