Commedia dell'arte er ei tradisjonell italiensk teaterform med faste rolleskikkelsar og komisk handling. Ho oppstod under renessansen på 1500-talet som ein friare variant av dei skrivne italienske lystspela i samtida, commedia. Ordet betyr «handverkarkomedie», det vil seia ein komedie skapt av handverkarar, eller profesjonelle skodespelarar, til skilnad frå dei meir tekstbaserte teatera til dei lærde amatørane.[1]:166