Commodore 64 er ei heimedatamaskin som vart laga av Commodore Business Machines og kom ut i august 1982. Med omtrent 17 millionar datamaskiner seld, var ikkje dette berre den mest suksessfulle av datamaskinene som var produsert i løpet av 80-talet, men den er også, i følgje Guinness Book of Records, den mest selde datamaskina gjennom tidene.[1] Den hadde betre grafikk og lyd enn noka anna datamaskin frå den tida. Frå 1982 til Commodore gjekk konkurs i 1994 var Commodore 64 difor ei særs populær datamaskin, med meir enn 10 000 utgjevne programvarer, inkludert programmeringsverktøy, kontorverktøy og spel.