Composite Gazetteer of Antarctica (CGA) er det internasjonalt anerkjente stadnamnregisteret for Antarktika. Det blir gjeve ut av Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) og inneheld alle antarktiske toponym publisert i nasjonale stadnamnregister, i tillegg til grunnleggande informasjon om desse namna og relevant geografisk informasjon. Registeret omfattar òg International Hydrographic Organization (IHO) General Bathymetric Chart of the Oceans (GEBCO) sitt register for undersjøiske kjennemerke sør for 60 °S.
I oktober 2012 inneheldt CGA 36 857 geografiske namn for 18 858 kjennemerke, inkludert 500 med to eller fleire heilt forskjellige namn som kjem frå følgjande kjelder:
Land | Namn |
---|---|
USA | 13 161 |
Storbritannia | 4 943 |
Russland | 4 808 |
New Zealand | 2 593 |
Argentina | 2 545 |
Australia | 2 432 |
Chile | 1 865 |
Noreg | 1 647 |
Bulgaria | 821 |
Tyskland | 393 |
Polen | 365 |
Japan | 344 |
Kina | 279 |
Frankrike | 223 |
GEBCO | 182 |
Belgia | 117 |
Italia | 53 |
Spania | 30 |
India | 21 |
Ecuador | 9 |
Uruguay | 5 |
Sør-Afrika | 2 |
Canada | 2 |