Conny Plank | |||
Fødd | 3. mai 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hütschenhausen | ||
Død | 18. desember 1987 | ||
Dødsstad | Köln | ||
Fødenamn | Konrad Plank | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1969–1987 | ||
Sjanger | Eksperimentell rock Krautrock New Wave Elektronisk musikk Ambient musikk Progressiv rock Techno Electronica | ||
Instrument | Synthesizer Klaverinstrument Gitar Perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Can Cluster Holger Czukay D.A.F. Brian Eno Eurythmics Harmonia Hunters & Collectors Jane Kluster Kraan Kraftwerk Guru Guru Killing Joke Liliental Dieter Moebius Moebius & Plank Gianna Nannini Mani Neumeier Neu! Night Sun Organisation Os Mundi Play Dead Hans-Joachim Roedelius Scorpions Mayo Thompson The Tourists Ultravox The Meteors | ||
Plateselskap | Sky Drag City Curious Music Brain | ||
Verka som | Produsent, musikar |
Konrad «Conny» Plank (3. mai 1940–18. desember 1987) var ein tysk plateprodusent og musikar. Kreativiteten hans som lydteknikar og produsent var medverkande til å skape mange innovative innspelingar i popmusikken i Europa, innanfor mange sjangrar som progressiv rock, avantgarde, elektronisk musikk og krautrock. Den omfattande katalogen hasn har i stor grad inspirert moderne studioproduksjon og studioteknikkar. I følgje Allmusic så var Conny Plank for krautrock det Phil Spector var for popmusikk.
Som musikarar spelte Plank på album av Guru Guru, Kraan, Cluster, Liliental og Os Mundi. Han samarbeidd med Dieter Moebius på fem studioalbum av Moebius & Plank mellom 1979 og 1986. Moebius & Plank gav eit varsel om techno og electronica som påverka mange seinare musikarar.
Han starta karrieren med å arbeide for Marlene Dietrich, men det var først då han produserte dei første platene til Kraftwerk at han byrja å vert kjend som ein dugande produsent. Som prodsuent, lydteknikar og mellommann på dei tre legendariske albuma til Neu! i 1970-åra (uoffisielt var han det tredje medlemmet), sementerte Plank statusen sin som ein av dei viktigaste studiopersonlegdomane i eksperimentell rock. Han arbeidde i sitt eige studio i Köln med tyske band som Grobschnitt, Guru Guru, Kraan og Scorpions, i tillegg til ikkje-tyske band som Ultravox, Devo, Killing Joke og Eurythmics.
Plank døydde seint i 1980-åra av kreft.