Conwyelva | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Conwyelva 52°59′43″N 3°48′59″W / 52.995138888889°N 3.8163888888889°W | |||
Wikimedia Commons: River Conwy |
Conwyelva (engelsk River Conwy, walisisk Afon Conwy, uttalt [ˈkɔnʊɨ]) er ei elv nord i Wales. Frå kjelda til utløpet i Conwy Bay er det 55 kilometer (34 mi). Nedslagsfeltet er 678 km².[1]
Namnet «Conwy» er avleidd frå dei gamle walisiske orda cyn ('hovding') og gwy ('vatn'). Elva heitte opphavleg «Cynwy».[2][3][4][5] Ein tidlegare engelsk skrivemåte var «Conway».
Elva spring ut på Migneint-heia der fleire små bekkar renn inn i innsjøen Llyn Conwy. Utløpet dannar Conwyelva som hovudsakleg renn mot nord, med sideelver som Machno og Afon Lledr før ho når Betws-y-Coed, der også Llugwy renn inn i henne. Frå Betws-y-Coed fortset elva nordover gjennom Llanrwst, Trefriw (der Afon Crafnant renn saman med henne) og Dolgarrog (der Afon Porth-llwyd og Afon Ddu renn inn i henne) før ho når Conwybukta ved Conwy. Her ligg kaien Cei Cae Gwyn langs breidda hennar. Ved springflod når tidvasstraumen så langt som Tan-lan, nær Llanrwst.
Ved munningen til Conwy der ho renn ut i Conwy Bay ligg byen Conwy med verdsarvstaden Conwy Castle og to kjende bruer. Ei av dei eldste hengebruene til Thomas Telford, Conwy Suspension Bridge, er no del av ein tursti for fotgjengarar, medan Robert Stephenson si smijernsbru Conwy Railway Bridge framleis fører hovudjarnbanelinja mellom Holyhead og London over seg. Det finst òg ei tredje, nyare bru for vegtraffik, og ein tunnel under estuaret for vegen A55.