Cooksundet | |||
sund | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Cooksundet 41°13′46″S 174°28′59″E / 41.229444444444°S 174.48305555556°E | |||
Wikimedia Commons: Cook Strait |
Cooksundet (på engelsk Cook Strait) ligg mellom Nordøya og Sørøya på New Zealand. Det er vel 20 kilometer breitt på det smalaste[1]. På nordsida ligg byen Wellington, på sørsida havbuktene Marlborough Sounds og Cloudy Bay.
To store havbukter, Golden Bay og Tasman Bay, ligg på vestkysten til Sørøya, like sør for sundet, og vestkysten på Nordøya går over i den store kurva til buktene Kapiti Coast og South Taranaki Bight. Austover trekkjer Sørøya seg attende, kystlinja snur mot sør-vest etter at ho har nådd neset Cape Campbell. Den korte kyststrekninga på Nordøya strekkjer seg langs Palliser Bay og sluttar ved Cape Palliser. Forstadane til Wellington, Owhiro Bay, Island Bay, Houghton Bay, Lyall Bay, Rongotai, Moa Point og Breaker Bay vender mot sundet.
I godvêr ser ein klårt over Cooksundet. På det smalaste er det berre 23 kilometer som skil Cape Terawhiti på Nordøya frå Perano Head på øya Arapawa Island i Marlborough Sounds. Rart å tenkja seg, men dette punktet på kysten til Sørøya ligg lenger mot nord enn det sørlegaste punktet på Nordøya.
Det går regelmessige ferjeruter mellom Picton på Sørøya og Wellington. På grunn av vind er det ofte røff sjø i sundet, særleg i sunnavind. New Zealand ligg på tvers av «dei stormfulle førti» (40. breiddegrad), noko som bøyer av vestavind i nordleg retning i sundet.
Sundet har ei gjennomsnittsdjupn på 128 meter.