Corroboree er eit generisk ord for eit samkome av australske aboriginar. Det kan vera ein heilag seremoni, eit festleg høve eller ha krigersk karakter. Ordet blei danna av dei fyrste britiske busetjarane i Sydney-området av eit ord i det lokale språket dharug. Ein corroboree omfattar vanlegvis dans, musikk, oppkleding og gjerne kroppsdekorasjon.