Galway | |||
Gaillimh | |||
county | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Connacht | ||
Hovudstad | Galway | ||
Areal | 6 149,0 km² | ||
Folketal | 258 058 (2016) | ||
Bilnummer | G | ||
![]() County Galway 53°20′00″N 9°00′00″W / 53.333333333333°N 9°W | |||
Wikimedia Commons: County Galway |
County Galway (irsk Contae na Gaillimhe eller berre Gaillimh)[1] er eit grevskap i Republikken Irland vest på Irland i provinsen Connacht. Grevskapet er kalla opp etter byen Galway. Det er det neste største grevskapet i Irland etter County Cork. Grevskapet har fleire gaeltachtaí, område der irsk språk er spesielt utbreidd.
Fleire busette øyar er ein del av grevskapet, inkluder Aranøyane og Inishbofin. Her ligg òg Lough Corrib, den største innsjøen i Republikken Irland og fjellkjedene Twelve Bens og Maumturkfjella.
County Galway grensar til Mayo i nord, Roscommon og Offaly i aust, Tipperary og Limerick i sør og Galway Bay og Atlanterhavet i vest.