Tipperary | |||
Tiobraid Árann | |||
county | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Munster | ||
Del av | Mid-West Region | ||
Hovudstad | Nord: Nenagh Sør: Clonmel | ||
Areal | 4 305,0 km² | ||
Folketal | 158 652 (2011) | ||
Bilnummer | Nord: TN Sør: TS | ||
![]() County Tipperary 52°40′00″N 7°50′00″W / 52.666666666667°N 7.8333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: County Tipperary |
County Tipperary (irsk Contae Thiobraid Árann eller berre Tiobraid Árann)[1] er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. Mellom 1838 og 2014 var Tipperary delt i to: North Tipperary og South Tipperary. Dei vart sameinte att gjennom Local Government Reform Act 2014.[2] Grevskapet har namn etter byen Tipperary. Dei største byane er Clonmel, Nenagh og Thurles.
County Tipperary grensar til Galway og Offaly i nord, Laois og Kilkenny i aust, Waterford og Cork og Limerick og Clare i vest.
North Tipperary hadde administrasjonsbyen Nenagh og South Tipperary hadde administrasjonsbyen Clonmel. Denne delinga skjedde formelt alt ved opprettinga av de noverande grevskapa i 1898, og de facto er delinga av enno eldre dato. Dei to delane vart ei periode kalla ridings, men dette namnet vart avskaffa fordi det var ukorrekt; riding kjem frå gamalengelsk thriding, tredjedel, og vart brukt når eit område vart delt i tre.
Grevskapet er særleg kjend for hesteavl. Coolmore Stud er den største hesteoppdrettaren i verda. Det har òg særs godt jordbruksland.