Wicklow | |||
Cill Mhantáin | |||
county | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Hovudstad | Wicklow | ||
Areal | 2 027,0 km² | ||
Folketal | 142 332 (2016) | ||
Bilnummer | WW | ||
County Wicklow 53°00′00″N 6°25′00″W / 53°N 6.4166666666667°W | |||
Kart som viser County Wicklow.
| |||
Wikimedia Commons: County Wicklow |
County Wicklow (irsk Contae Chill Mhantáin eller berre Cill Mhantáin)[1] er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wicklow, medan den største byen er Bray. Grevskapet vert stundom kalla The last country på folkemunne, sidan det er det siste grevskapet som vart oppretta, i 1605 på territorium som tidlegare var del av County Dublin. Det vert òg kalla Irland sin hage.
Inn på 1800-talet var Wicklow eit sentrum for irske opprørarar, og ein militærveg vart lagd gjennom grevskapet for at britiske styrkar raskt kunne flytte seg i området.
Ruinane av det store klosteret Glendalough ligg i Wicklow.
County Wicklow grensar til Dublin i nord, Kildare og Carlow i vest, Wexford i sør og Irskesjøen i aust.