Cowboy Song Singel av Thin Lizzy frå albumet Jailbreak | ||
B-side |
Angel from the Coast | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1976[1] | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:17 (singel) 5:16 (album) | |
Selskap | Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott og Brian Downey | |
Produsent | John Alcock | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
«Jailbreak» (1976) |
Cowboy Song | «Rocky» (1976)
|
«Cowboy Song» er ein song av det irske hardrockband Thin Lizzy som opphavleg kom ut i 1976 på albumet deira Jailbreak.
Han vart gitt ut som singel i ein redigert versjon og nådde 77. plassen på dei amerikanske hitlistene, men fekk på den tida ikkje like mykje merksemd som to av dei mest populære songane på same album, «The Boys Are Back in Town» og «Jailbreak». Songen vart skriven av frontmannen Phil Lynott og trommeslagaren Brian Downey.
Teksten er skriven frå perspektivet til ein cowboy, og fortel om vandringa hans gjennom USA gjennom ulike eventyr og romansar. Songen byrjar med ei mjuk akustisk innleiing i country-stil før han går over i livleg hardrock.
«Cowboy Song» har sidan vorte skildra som ein av dei beste songane til Thin Lizzy fordi han har «ein av dei mest fengjande, mest minneverdige tvilling-gitarharmoniane nokon sinne».[3] AllMusic skildra songen som å gjera det vanlege til legende, eller å føra myten inn i den moderne verda.[4] Forfattaren av Phil Lynott: The Rocker, Mark Putterford, skildra songen som «ei blanding mellom Clint Eastwood og Rudolph Valentino, med litt George Best kasta inn for å vere på den sikre sida».[5] Rolling Stone-magasinet kalla songen «definitiv».[6]
Med tida har han vorte ein fanfavoritt og ein av signatursongane til Thin Lizzy.[2] Songen er no ein av deira mest populære og blir omtalt som ein klassikar.[7]