Coz I Luv You Singel av Slade | ||
B-side |
My Life is Natural | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. oktober 1971[1] Desember 1971 (USA)[2] | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Softrock[3] | |
Lengd | 3:24 | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Get Down and Get with It» (1971) |
Coz I Luv You | «Look Wot You Dun» (1972)
|
«Coz I Luv You» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1971 som ein singel utan album. Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps på den britiske singellista og var den første singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i 15 veker.[4]
I 1972 vart eit samlealbum med same namn gjeve ut utafor Storbritannia.[5] Songen var med på samlealbumet og kom òg ut på det neste samlealbumet deira, Sladest i 1973.[6]
Songen vart gjeven ut som oppfølgjar til det kommersielle gjennombrotet deira med versjonen deira av Bobby Marchan sin «Get Down and Get with It» i mai 1971. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia.[7] «Coz I Luv You» vart spelt inn med elektrisk fiolin spelt av Lea.
«Coz I Luv You» vart seinare nytta i filmen Velvet Goldmine frå 1998 og i ein episode av TV-serien Life on Mars.