Cumulus
|
Høgd
|
500-2000 m
|
Utsjånad
|
Enkelståande, tette skyer med skarpe konturar. «Blomkålliknande».
|
Nedbørsky?
|
Nei
|
Forkorting
|
Cu
|
Cumulus eller haugskyer er ei type sky som høyrer til gruppa låge skyer. Desse består av enkeltståande, tette skyer med skarpe konturar med kuleform eller tårn, og av utsjånad kan dei minne om ein blomkål. Skya er kvit med ei noko mørkare, flat underside. Skyene oppstår ved at stigande luftrørsler i instabile luftlag blir avkjølt og kondenserer. Cumulusskyer finn ein over heile verda, med unntak av Antarktis der låge overflatetemperaturar motverkar konveksjon.