Cut av Golden Earring Studioalbum av Golden Earring | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1982 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 38:35 | |
Selskap | Capitol, 21/Polygram (USA) Mercury | |
Produsent | Shell Schellekens | |
Golden Earring-kronologi | ||
---|---|---|
2nd Live (1981) |
Cut av Golden Earring | N.E.W.S. (1984)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Cut er det 16. studioalbumet til det nederlandske hardrockbandet Golden Earring, gjeve ut i 1982. Albumet inneheld hitsongen «Twilight Zone», som gjekk til topps i Nederland og til topps på den amerikanske Billboard Hot Mainstream Rock Tracks. Han nådde òg tiandeplassen på Billboard Hot 100.)
Plateomslaget er eit bilete frå 1964 kalla Cutting the Card Quickly teken av M.I.T.-professoren «Doc» Edgerton som syner eit ruter knekt-kort som vert delt på tvers av ei kule. Biletet vert nytta i musikkvideoen til «Twilight Zone».
Det vart òg laga musikkvideo til den andre singelen frå albumet, «The Devil Made Me Do It», men denne songen og videoen vart lite spelt i USA fordi teksten inneheldt ordet «bullshit.»