DJ Singel av David Bowie frå albumet Lodger | ||
B-side |
Repetition | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. juni 1979 | |
Innspelt | Mountain Studios, Montreux, september 1978; Record Plant Studios, New York, mars 1979 | |
Sjanger | New wave, funkrock | |
Lengd | 3:59 (album) 3:20 (singel) | |
Selskap | RCA BOW 3 | |
Komponist | David Bowie, Carlos Alomar, Brian Eno | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Boys Keep Swinging» (1979) |
DJ | «Yassassin» (1979)
|
«DJ» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i 1979 på albumet Lodger, og så på singel 29. juni 1979.
Songen er ein kynisk kommentar til kulten kring DJ-ar og har ein gitarsolo av Adrian Belew, som vart spelt inn i fleire forsøk og så miksa i lag for albumet. I ein biografi om Talking Heads vert det sagt at Bowie på denne songen prøvde å syngje som David Byrne, som var i ferd med å bli ven med Brian Eno på den tida.
Singelen var ei kortare utgåve av songen, men han var framleis for ukommersiell til å gjere det særleg bra og nådde berre 29. plass i Storbritannia og 106. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista i USA.[1]
Songen vart framført på konsert av Bowie for første gong på Outside-turneen i 1995.