Da'el | |||
داعل | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Daraa-distriktet | ||
Nahiyah | Da'el | ||
Høgd | 600 moh. | ||
Koordinatar | 32°45′14″N 36°07′48″E / 32.75389°N 36.13000°E | ||
Folketal | 29 408 (2004) | ||
Da'el 32°45′14″N 36°07′52″E / 32.753888888889°N 36.131111111111°E | |||
Kart som viser Da'el.
| |||
Wikimedia Commons: Da'el |
Da'el (arabisk داعل, òg skrive Da'il) er ein by sør i Syria som ligg langs den gamle vegen mellom Daraa og Damaskus, kring 14 kilometer nord for Daraa. Administrativt høyrer han til Daraa-distriktet i Daraa guvernement og er senter i Da'el nahiyah («underdistrikt») som òg omfattar byen Abtaa, like mot nord. Andre stader i nærleiken er Tafas i vest, Othman i sør, Khirbet al-Ghazaleh i aust, Nimer og Qarfa i nordaust, al-Shaykh Maskin i nord og al-Shaykh Saad i nordvest.[1]
I 2004 var folketalet i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) 29 408, medan Da'el nahiyah var 43 691.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2] Innbyggjarane driv hovudsakleg med jordbruk der dei dyrker kveite, bønner, oliven og druer med meir.
Byen vart nyleg modernisert med raskt Internett, full mobildekning, nye fasttelefonlinjer og auka utbygging.