Daft Punk | |||
![]() | |||
Aktiv | 1993–2021 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | house, elektronisk musikk, French house, synthpop, Elektronisk rock, electronica, nu-disco, dansemusikk, leftfield house | ||
Instrument | Roland TB-303 | ||
Plateselskap | Soma Quality Recordings, Virgin Records, Columbia Records, Walt Disney Records | ||
Prisar | Grammy Award for Best Pop Duo/Group Performance, Grammy Award for Best Dance/Electronic Album, Grammy Award for Album of the Year |
Daft Punk (1993-2021) var ein fransk duo som laga elektronisk musikk.
Thomas Bangalter (fødd 3. januar 1975) og Guy-Manuel de Homem-Christo (fødd Guillaume Emmanuel Paul de Homem-Christo 8. februar 1974) skipa gruppa i 1993. Dei to DJ-ane frå Paris gav ut tre EP-ar før dei i 1997 gav ut det kritikarroste albumet Homework. Dette albumet gjorde sitt til at fransk house vart sett på musikkartet og grupper som Cassius, Phoenix og Air følgde i kjølvatnet.
I 2001 kom oppfølgjaralbumet Discovery som også vart godt motteke av den internasjonale musikkpressa.
Lydbildet til gruppa er karakterisert som ei dansegolv-orientert blanding av progressiv house, electrofunk og med innslag av hip-hop og nærmast ein overflod av samples.
Daft Punk skal ha opna dørene for french touch (sjangeren), french house og french electonica.