Dag og Tid

Dag og Tid
LandNoreg
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1962
Språknynorsk
HovudkvarterOslo
Nettstadwww.dagogtid.no

Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis. Utgjevarstaden er Oslo med adresse Pilestredet 8.

Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.

Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breidt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er spreidd på rundt 1200 aksjonærar.

Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Kristin Fridtun, Jon Hustad[1] og Agnes Ravatn.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NPH1

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne