Dagbladet | |||
| |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1869 | ||
Grunnleggjar | Anthon Bang | ||
Første trykk | 2. januar 1869 | ||
Målform | Bokmål | ||
Eigarskap | Avishuset Dagbladet AS (99%) Dagbladet Stiftelse (1%) | ||
Opplag | 73 647 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Akersgt. 49 | ||
Postnummer | 0107 | ||
Stad | Oslo | ||
Ansvarleg redaktør | John Arne Markussen (2011) | ||
Politisk redaktør | Marie Simonsen (2006) | ||
Nyhenderedaktør | Morten Øverbye (2010) | ||
Kulturredaktør | (2010) | ||
Nettstad | Dagbladet.no |
Dagbladet er ei norsk landsdekkjande dagsavis. Hagbard Emanuel Berner gav ut fyrste utgåva av avisa den 2. januar 1869. Avisa skifta format frå fullformat til tabloidformat i 1983.
Avisa er politisk uavhengig, men fram til 1970-åra var avisa nært knytt til partiet Venstre. Framleis kan det sporast ei viss kulturradikalisme i avisa. Avisa har tradisjonelt lagt vekt på å vera ei kulturavis. Samstundes prøver Dagbladet å konkurrera med særleg Verdens Gang (VG) om å vera den største laussalsavisa i Noreg.
Dagbladet.no er nettutgåva til Dagbladet og ein av dei mest trafikkerte norske nettstadane på verdsveven. Ho vart den tredje nettavisa i Noreg, slått på streken av Brønnøysunds Avis, som publiserte si eiga nettutgåve to dagar før Dagbladet.no vart publisert den 8. mars 1995 og musikkavisa Panorama som publiserte si nettutgåve 1. mars same år.
Dagbladet si redaksjonelle målform er bokmål, men nokre av journalistane skriv noko nær samnorsk. Nynorsk er berre tillate i lesarinnlegg eller i debattspalter.
Særleg Dagbladet blei etter Tore Tønnes sjølvmord i 2002 av Norsk Presseforbunds granskningskommisjon kritisert for at avisas journalistikk var for overdimensjonert, personfokusert og delvis var prega av manglande presisjon og nøyaktighet. Dagbladets eigen granskningskommisjon i Tønne-saka konkluderte med at «Mengde, presentasjon, billedbruk og typografi var i overensstemmelse med slik Dagbladet ønsker å fremstå i en løpende nyhetssak».