Dagmerke

Dagmerke på Scillyøyane, utanfor kysten av Cornwall i England.
Foto: Pline

Eit dagmerke er ein godt synleg struktur plassert på land for å hjelpe sjønavigasjon, eit seglingsmerke langs kysten i dagslys. Dagmerket kan vere ein varde, tårn eller annan bygning, det har ikkje lys og er vanlegvis ikkje lyst opp. Det kan vere måla med lett kjenneleg mønster. Eit døme på eit kjent dagmerke er Nix’s Mate i hamna i Boston i Massachusetts.

Termen dagmerke kan òg referere til det eintydige mønstret måla på mange fyrtårn som gjer dei lett kjennelege. Slike mønster gjer at mange tårn på nedlagde fyrstasjonar held fram som nyttige dagmerke. Men i dag har tekniske navigasjonshjelpemiddel tatt over som viktigaste vegvisarar for den maritime nyttetrafikken.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne