Dan Starkey

Dan Starkey

Fødd27. september 1977 (47 år)
FødestadStorbritannia
Aktive år2004–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar

Dan Starkey (fødd 27. september 1977)[1] er ein engelsk skodespelar kjend for roller i den britiske science-fiction serien Doctor Who. Han har portrettert ulike sontar-karakterar, mest kjend er han for rolla Strax, som møtte den ellevte og tolvte inkarnasjonen av The Doctor, spelt av Matt Smith og Peter Capaldi.

I 2016 begynte han i CBBC sitt sketch-show Class Dismissed, der han spelte i 36 episodar (kvar episode i sesong 1, 2 og 3). Han slutta i serien etter sesong 3.

Han studerte ved Trinity Hall ved Universitetet i Cambridge, og herfrå har han ei utdanning i angelsaksisk, norrønt og keltiske språk. Vidare utdanna han seg ved teaterskulen Bristol Old Vic, som han gjekk ut frå i 2006.

  1. «Doctor Who star chats about Christmas show in Northampton». Northampton Chronicle & Echo. 6 December 2016. Henta 29 September 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne