Dance Tonight Singel av Paul McCartney frå albumet Memory Almost Full | ||
B-side |
«Nod Your Head» (Sly David Short mix) | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. juni 2007 | |
Innspelt | Januar–februar 2007 | |
Lengd | 2:54 | |
Selskap | MPL Communications, Hear Music | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | David Kahne | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«This Never Happened Before» (2006) |
Dance Tonight | «Nod Your Head» (2007)
|
«Dance Tonight» er ein song av Paul McCartney frå 2007 på albumet Memory Almost Full. Songen vart gjeven ut som digital singel i Storbritannia den 18. juni 2007, 65-årsdagen til McCartney.[1] Ei veke seinare debuterte songen på 34. plassen på UK Singles Chart. Den britiske singelen vart òg gjeven ut som ei biletplate. Den 1. juli nådde songen 26. plassen på den britiske singellista.[2][3] Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege popsong i 2008.
I USA vart songen gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Songen nådde 69. plassen på Billboard Hot 100.[4][5]
McCartney framførte songen live i ein duett med den australske songaren Kylie Minogue på nyårssendinga til Jools Holland i 2007.
Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av Michel Gondry, med Natalie Portman og Mackenzie Crook som skodespelarar.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet MemoryAlmostFull.com
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet uk
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet charts
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet us