Dance of Death av Iron Maiden

Dance of Death
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 2. september 2003
Innspelt Januar–februar 2003 i Sarm West Studios i London
Sjanger Heavy metal
Lengd 67:57[1]
Selskap EMI
Columbia Records (US)
Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
Brave New World
(2000)
Dance of Death A Matter of Life and Death
(2006)
Singlar frå Dance of Death
  1. «Wildest Dreams»
    Utgjeve: 1. september 2003
  2. «Rainmaker»
    Utgjeve: 24. november 2003

Dance of Death er det 13. studioalbumet av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden og vart gjeve ut i september 2003. Det vart først gjeve ut i Japan den 2. september og så 8. september 2003 i resten av verda, utanom Nord-Amerika, der det kom ut ein dag seinare. Albumet vart spelt inn på magnetisk (analogt) lydband.[2]

Det var det andre studioalbumet deira etter at vokalisten Bruce Dickinson og gitaristen Adrian Smith kom attende til bandet i 1999, og inneheld den første heilakustiske låten til bandet, «Journeyman», i tillegg til den første songen som vart skriven i lag med trommeslagaren Nicko McBrain, «New Frontier». Som med føregangaren Brave New World frå 2000, vart albumet produsert av Kevin Shirley, som har arbeidd med Iron Maiden på alle studioalbum sidan den gongen.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet liner
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet dotr

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne