Dancing Days Singel av Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. mars 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock | |
Lengd | 3:43 | |
Selskap | Atlantic Records | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Rock and Roll» / «Four Sticks» (1972) |
Dancing Days | «D'yer Mak'er» / «The Crunge» (1973)
|
«Dancing Days» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973. Han vart spelt inn i Stargroves i 1972. Han var inspirert av ein indisk melodi Jimmy Page og Robert Plant høyrde då dei reiste til Bombay.[1]
Songen vart den første frå albumet som vart gjeven ut for å bli spelt på radio av Atlantic Records. Han vart første gong spelt den 24. mars 1973 på BBC Radio One.[2]
Songen vart spela på konsertar lenge før albumet kom ut. Første gong var i Seattle den 19. juni 1972 der songen vart spela to gonger, den siste gongen som ekstranummer.[2] Ein versjon finst på konsertalbumet How the West Was Won. Etter at Houses of the Holy kom ut vart «Dancing Days» spela lite på konsertar, bortsett frå ein akustisk versjon i 1977 i USA.[2]
Songen vart gjeven ut som singel i Frankrike (med «Over the Hills and Far Away») og Sør-Afrika (med monoutgåva av songen som B-side). Ein EP vart òg gjeven ut i USA i lag med «D'yer Mak'er», «The Song Remains the Same» og «The Crunge».