Dancing with Tears in My Eyes

Dancing with Tears in My Eyes
Singel av Ultravox
frå albumet Lament
B-side

Building

Språk engelsk
Utgjeve 1984
Sjanger Synthpop,[1][2] New wave[3]
Lengd 4:10
Selskap Chrysalis
Komponist Billy Currie, Warren Cann, Midge Ure, Chris Cross
Tekstforfattar Billy Currie, Warren Cann, Midge Ure, Chris Cross
Låtskrivar(ar)
Produsent Ultravox
Ultravox-kronologi 
«One Small Day»
(1984)
Dancing with Tears in My Eyes «Lament»
(1984)


«Dancing with Tears in My Eyes» er ein song av Ultravox og den andre singelen frå Lament, gjeve ut i 1984.

Singelen sette Ultravox attende på kartet og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart,[4] og topp 10 i fleire europeiske land. Songen gjekk òg inn på listene i Australia og Canada, men ikkje i USA.

7"-singelen kom ut i tre versjonar: med standard biletomslag, med dobbeltfalsa omslag og med dobbeltfalsa omslag og plata i klår vinyl. Alle versjonane hadde same katalognummeret og same innhald. 12"-versjonen av singelen kom ut i to versjonar der omslaga var noko forskjellige.

B-sida «Building» er ein pianoballade. «Dancing with Tears in My Eyes» var den andre songen Ultravox framførte på Live Aid-framsyninga si på gamle Wembley Stadium, den 13. juli 1985.[5]

Musikkvideoen handlar om ei nedsmelting i eit atomkraftverk.

  1. Pain, Andrew (24. mai 2013). «Midge Ure at the ARC in Stockton – An intimate evening with pop legend». Gazette Live. Henta 7. mai 2014. «the likes of Vienna, Reap the Wild Wind and Dancing With Tears in My Eyes becoming instant synth-pop classics.» 
  2. «Ultravox tours Germany in November». Sixth Sense. 21. november 2012. Arkivert frå originalen 2. august 2016. Henta 5. september 2020. 
  3. aLfie vera mella (11. desember 2017). «Midge Ure – Orchestrated (Album Review)». Cryptic Rock. Henta 5. september 2020. 
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UK
  5. «INTERVIEW: Ultravox and Live Aid singer Midge Ure reveals what embarrasses him». North Devon Journal. 30. mars 2016. Henta 5. september 2020. [daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne