Dan | |||
elv | |||
Danelva i Tel Dan-reservatet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord-Israel | ||
Koordinatar | 33°14′56″N 35°39′07″E / 33.249°N 35.652°E | ||
Lengd | 20 km | ||
Kjelde | Tel Dan | ||
Munning | Jordanelva | ||
![]() Danelva i Israel 33°14′56″N 35°39′07″E / 33.249°N 35.652°E | |||
Wikimedia Commons: Dan River |
Danelva (hebraisk דן Dan, arabisk: اللدان Leddan) er den største sideelva til Jordanelva.[1] Kjelda hennar er ei rekkje kjelder som spring ut frå Tel Dan langs ei forkasting.[2]
Elva har fått namn etter den israelske byen Dan, som vart erobra av Dan-stamma under domarperioden.[3] Dan-stamma erobra byen, som då heitte Laish, og då busett av kanaanittar. Sjølv om Danelva berre er 20 km lang, gjev ho 238 millionar kubikkmeter vatn kvart år til Hulahdalen. I 1966 var dette årsaka til ein strid mellom israelarar som ønskte å utnytte vatnet og dei som ønskte å bevare det. Resultatet vart eit bevaringsprosjekt på kring 0,49 km² ved kjelda til elva kalla Tel Dan-reservatet.