Danmarks kulturkanon

Carex trinervis Degl. Plansje 2665, nr. 45 frå 1861. Fargeplansje frå bokverket Flora Danica som vart utgjeve i perioden 1761–1883. Flora Danica er tatt opp i Kulturkanonen under design og kunsthandverk.

Danmarks kulturkanon (eller berre Kulturkanonen) er ei liste over 108 kunstverk som blei utvikla frå 2005–6 som eit statleg initiert forsøk på ei kanondanning av essensielle verk i Danmarks kunst- og kulturarv. Idéen om kulturkanonen blei lansert hausten 2004 av dåverande kulturminister Brian Mikkelsen. Kulturkanonen blei laga av ulike komitear med professor Jørn Lund som formann for alle. Den endelege versjonen av kanonen kom ut 24. januar 2006.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne