Danse-pop

Dance-pop[1] eller danse-pop[2] er ein type danseorientert popmusikk som oppstod tidleg på 1980-talet og har vore populær i tiåra sidan. Han byggjer på sein discomusikk (eller dance) og synthpop[3] og er kjenneteikna av sterke, dansbare rytmar og enkle songstrukturar.[4] Musikken er ofte bygd opp som popsongar med lettfattelege melodiar og tekstar, samstundes som han nytter rytmane frå dancemusikk.[4] Dette gjer at han kan spelast både på radio og på nattklubbar. Produsenten er viktig for utforminga av tekst og musikk, med nokre klare unntak der artisten har meir makt.[4]

Tidlege dance-popartistar som blei kjende på verdsbasis var Madonna og Michael Jackson, som begge har hatt stor kunstnarisk leiing for verka sine.[5] Produsentane Stock Aitken Waterman var viktige på 80-talet og skapte musikk for Kylie Minogue, Rick Astley og Bananarama. Av nyare artistar som er kjende for dance-pop kan nemnast Justin Timberlake, Britney Spears, Lady Gaga, Christina Aguilera og Rihanna.

  1. Jamfør til dømes landstreff.no og snl
  2. T.d. p3.no, britneynorge.com Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet apell423
  4. 4,0 4,1 4,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AMDancePop
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rhapsody

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne