Danseband er ei musikkgruppe som speler opp til dans. I svensk og norsk populærmusikk er dette ein eigen sjanger som fyrst oppstod på 1960-talet.[1] Dansebandmusikk er ein rytmisk musikktype inspirert av swing, tysk slagermusikk og amerikansk rock, pop og country.[1]
Nokre kjende danseband er Sven-Ingvars, Ole Ivars, Vikingarna og Vassendgutane.[1]