«Dark Side» Song av Blind Channel | ||
Land | Finland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 21. januar 2021 | |
Sjanger | Rap rock, nu metal[1] | |
Lengd | 02:57 | |
Selskap | Frontiers | |
Låtskrivar(ar) | Aleksi Kaunisvesi, Joonas Porko, Joel Hokka, Niko Moilanen, Olli Matela |
---|
«Dark Side» (norsk 'skuggesida' eller 'den mørke sida') er ein rockelåt frå 2021 som vert framført av den finske post-hardcore-gruppa Blind Channel. Songen vart utgjeven 21. januar 2021 og vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 20. februar 2021.[2] «Dark Side» var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på sjetteplass.[3]