Dave Mason

Dave Mason

Mason in 2003
Fødd10. mai 1946 (78 år)
FødestadWorcester, England
FødenamnDavid Thomas Mason
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1966
SjangerFolkrock, poprock, psykedelisk rock, softrock[1]
Instrumentgitar, vokal, bassgitar, mellotron, sitar, tambura
Tilknytte artistarTraffic, Jimi Hendrix, Eric Clapton, George Harrison, Derek and the Dominos, Fleetwood Mac, Cass Elliot, Rory Gallagher, Phoebe Snow, Leon Russell
PlateselskapBlue Thumb, Harvest, Columbia, MCA Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

David Thomas «Dave» Mason (fødd 10. mai 1946) er ein engelsk songar-låtskrivar og gitarist frå Worcester, som vart kjend med rockebandet Traffic.[2] GJennom karrieren har Mason spelt med mange kjende pop- og rockeartistar som Paul McCartney, George Harrison, The Rolling Stones, Jimi Hendrix, Eric Clapton, Michael Jackson, David Crosby, Graham Nash, Steve Winwood, Fleetwood Mac, Delaney & Bonnie, Leon Russell og Cass Elliot. Ein av dei mest kjende songane til Mason er «Feelin' Alright» av Traffic i 1968 og seinare spelt av mange andre artistar, som Joe Cocker, som fekk ein hit med songen i 1969. For Traffic skreiv han òg «Hole in My Shoe», ein psykedelisk popsong som vart ein hit. «We Just Disagree» vart spelt inn av Mason i 1977 og vart ein hit for Mason som soloartist.[3][4]

I 2004 vart Mason innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Traffic.

  1. «Classic Rock « The Archive » Summer 2005 « Page 92 » Dave Mason It’s Like You Never Left». Archive.classicrockmagazine.com. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 20. mai 2018. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet RSTrafficBio
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Allmusic
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Goldmine

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne