Dave Matthews | |||
Dave Matthews i 2018 | |||
Fødd | 9. januar 1967 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Johannesburg i Sør-Afrika | ||
Fødenamn | David John Matthews | ||
Opphav | Sør-Afrika, USA | ||
Aktiv | Sidan 1991 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
|
David John Matthews (fødd 9. januar 1967) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, skodespelar og plateselskapseigar,[1] mest kjend som solovokalist, låtskrivar og gitarist i Dave Matthews Band (DMB). Matthews vart fødd i Johannesburg[2][3] og flytta ofte mellom Sør-Afrika, Storbritannia og USA i oppveksten. Matthews byrja å spele akustisk gitar då han var ni år gammal.
Frå 1991 til 2003 fokuserte Matthews hovudsakleg på låtskriving og speling med Dave Matthews Band, som han skipa i Charlottesville i Virginia i 1991. Sidan den gongen har han òg spelt mykje solo og produsert andre sine plater. I perioden frå 2000 til 2010 selde bandet hans fleire billettar enn nokon andre band i Nord-Amerika.[4] Albumet Away from the World i 2012 gjorde dei til den einaste gruppa som har hatt seks studioalbum på rad på toppen av Billboard-lista i USA. Denne rekorden vart forlenga til sju plater på rad med albumet Come Tomorrow i 2018.
I tillegg til musikk har Matthews vore skodespelar.[5] Han har òg vunne to Grammy-prisar: ein med Dave Matthews Band i 1997 for beste rockesong av duo eller gruppe («So Much to Say») og ein i 2004 for beste mannlege rockevokal («Gravedigger») frå soloalbumet hans.