David Live

David Live
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 29. oktober 1974
Innspelt 10–13. juli 1974
Spelestad Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania
Sjanger
Lengd 81:06
Selskap RCA
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
Diamond Dogs
(1974)
David Live Young Americans
(1975)
David Bowie-konsertalbum-kronologi
David Live Stage
(1978)
Singlar frå David Live
  1. «Knock on Wood»
    Utgjeve: September 1974

David Live er det første offisielle konsertalbumet til den engelske musikaren David Bowie, opphavleg gjeve ut på RCA Records i 1974. Det vart spelt inn i juli det året, under den andre delen av den amerikanske Diamond Dogs-turnéen i The Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, ein forstad til Philadelphia. Bowie hadde hatt ein pause for å spele inn musikk for albumet Young Americans, og starta turneen på nytt, men kalla han då Philly Dog-turnéen. Denne delen av turneen vart meir soul-prega enn den første delen.

Albumet viste Bowie sin overgang frå Ziggy Stardust-perioden til «plastikksoul»-perioden hans på Young Americans. Sjølv om omslaget viste Bowie i «soul-klede» - ein kvit dress - var det framleis fleire songar frå 1972-1973 perioden. Turnéen var Bowie sin mest ambisiøse til då, og hadde ei gigantisk kulisse som skulle bringe fram «Hunger City», den post-apokalyptiske settinga på Diamond Dogs, og eit band leia av Michael Kamen. På songen «Space Oddity» song Bowie songen inn i ein mikrofon forma som ein telefon, medan han sat i ein stol som vart løfta ut over publikum. Ein av dei første rockumentarane gjennom tidene vart filma av Alan Yentob, Cracked Actor for BBC, frå turneen.

I 2005 vart albumet gjeve ut på ny med fire ekstra spor, etter å ha blitt grundig miksa på ny av Tony Visconti.[1]

  1. «David Bowie: David Live / Stage». popmatters.com. 4 Apr 2005. Henta 31. juli 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne