Day-In Day-Out Singel av David Bowie frå albumet Never Let Me Down | ||
B-side |
Julie | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. mars 1987 | |
Innspelt | Hausten 1986 | |
Studio | Mountain (Montreux i Sveits) | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 4:38 (album) 4:14 (singel) | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Magic Dance» (1987) |
Day-In Day-Out | «Time Will Crawl» (1987)
|
«Day-In Day-Out» er ein song spelt inn av den engelske songaren David Bowie, som opningssporet til det 17. studioalbumet hans, Never Let Me Down (1987). Han vart gjeven ut på singel 23. mars 1987 før albumet kom ut. Songen var skriven av Bowie aleine, medan innspelinga vart produsert i lag med David Richards. Songen er eit R&B-spor som kritiserer handsaminga av heimlause i USA på den tida, og kor langt ei ung mor er villig til gå for å fø barnet sitt.
Ein tilhøyrande musikkvideo for singelen vart filma i 1987 og vart bannlyst av somme stasjonar på grunn av innhaldet. Likevel vart han nominert til MTV Video Music Award i 1987 i kategorien «beste mannlege video». Kommersielt var «Day-In Day-Out» den mest suksessrike singelen frå Never Let Me Down, og nådde 17. plassen i Storbritannia og nådde topp 40 i fleire andre land.
Ein ny versjon av songen med Bowie sin originale vokal, og noko av den originale musikken kom ut i 2018 som ein del av albumet Never Let Me Down 2018, som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988).