De La Fratta eller Cesta er ein av dei tre toppane som ligg rundt byen San Marino, hovudstaden i San Marino. Dei to andre er Guaita og Montale. Alle toppane høyrer til fjellet Monte Titano.
På fjelltoppen ligg eit tårn som, saman med dei to andre vikige tårn i San Marino, er avbilda på det sanmarinske flagget og riksvåpenet. Tårnet blei bygd på 1200-talet på ruinane av ein eldre romersk festning.[1] Tårnet på De La Fratta huser eit museum for den heilage Marinus som også viser fram over 1 550 våpen frå mellomalderen til moderne tid.[2]