De Revolutionibus Orbium Coelestium | |||
![]() Original Nürenberg-utgåve frå 1543 | |||
Forfattar(ar) | Nicolaus Copernicus | ||
---|---|---|---|
Språk | latin | ||
Sjanger | Astronomi | ||
Utgjeven | 1543 | ||
Forlag | Johannes Petreius (Nürnberg) | ||
Sider | 405 |
De Revolutionibus Orbium Coelestium var eit skrift av Nikolaus Kopernikus frå 1543, der han offentleggjorde det heliosentriske verdssystemet sitt. Boka vart forboden av paven, men var då alt godt utbreidd.
Den første utgåva vart trykt i Nürnberg i Det tysk-romerske riket i 1543. Boka inneheldt ein alternativ modell av universet og skilde seg frå det geosentriske verdsbiletet som hadde vore vidt akseptert sidan Klaudios Ptolemaios la det fram i antikken.