Def Leppard | |||
| |||
Aktiv | 1977– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | hardrock, New Wave of British Heavy Metal | ||
Plateselskap | earMUSIC, Island Records, Mercury Records | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Def Leppard er eit britisk hard rock/heavy metal-band som blei skipa i Sheffield i 1977. Bandet har selt over 100 millionar album. Dei to største salssuksessene deira kom med albuma Pyromania og Hysteria.
Def Leppard er eit av fem rockeband med to originale studioalbum-utgjevingar som har selt over ti millionar kopiar kvar. Dei andre er Led Zeppelin, Pink Floyd, The Beatles og Van Halen.[1] Det har også spelt på tre kontinent på same dag, noko som fekk plass i Guinness rekordbok.