Dei sju fjella

Fløyen og Ulriken bakom Vågen i Bergen.
Utsyn mot Blåmanen og Rundemanen frå Ulriken.
Utsyn mot Bergen og Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn frå Sandviksfjellet.
Foto: Svein Harkestad

Dei sju fjella er eit fellesnamn på sju fjell som ligg kring Bergen. Det er ikkje full semje om kva for fjell som høyrer til dei sju, men dei er oftast blant følgjande:

Namnet til Bergen er opphavleg sett saman av ord som tyder «fjell» og «eng», og slik sett har tilknytinga til fjella vore markert langt tilbake i tid.[1] På eit segl for byen frå 1239 var det avbilda ei borg på eit tredelt fjell. På eit segl frå 1444 var det derimot avbilda sju fjell,[2] og dette går att i det moderne byvåpenet.[1] Seinare kalla Ludvig Holberg Bergen for «byen mellom de syv fjell», og lista opp «Rundemanden, Flöyen, Oldrik, Solheims Field, Damsfieldet, Ludderhorn, og Askelandsbierg».[3]

  1. 1,0 1,1 «Om Bergen | Bergen byleksikon», www.bergenbyarkiv.no, henta 11. oktober 2021 
  2. «I den syvende himmel», Bergens Tidende 7. juli 2007
  3. Bagge, Bjørn Arvid (15. mars 2019), «Da Holberg skapte erkebergenseren», pahoyden.khrono.no (på norsk bokmål), henta 11. oktober 2021 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne