Apokryfe skrifter (frå gresk απόκρυφος, apokryfos, 'duld, kryptisk') er ei nemning for religiøse tekster, særleg innanfor jødisk og kristen tradisjon, som ikkje høyrer til gjeldande kanon i Bibelen.
Skriftene kunne vere utelatne fordi kyrkjeleiarane ville hindre at dei kristne skulle lese dei, eller fordi dei oppstod i gnostiske miljø som meinte skriftene openberra ein bodskap som var skjult for dei fleste, slik at skriftene ikkje var meinte for allmenn spreiing.
Apokryfane i bundi form vert gjerne nytta som namn på nett dei skriftene som vert prenta i ein eigen bolk i Bibelen etter Gamletestamentet og Nytestamentet.