Dei franske og indianske krigane

Dei franske og indianske krigane
Del av Niårskrigen, Den spanske arvefølgjekrigen, Den austerrikske arvefølgjekrigen, Sjuårskrigen

Etter slaget ved Lake George 1755. William Johnson reddar livet til baron de Dieskau.
Dato 1689-1763
Stad Nord-Amerika
Resultat Britisk siger (Frankrike svekka, Storbritannia styrka)

Dei franske og indianske krigane (engelsk French and Indian Wars) er eit namn brukt i USA om ei rekkje krigar om herredøme i Nord-Amerika for europeiske kolonimakter. På fransk er krigane kjende som Guerres intercoloniales, 'interkolonialkrigane'. På den eine sida stod England (som etterkvart blei Storbritannia) og på den andre sida Frankrike, tidvis med støtte frå Spania. Begge sider hadde også innfødde allierte. Krigane reflekterte konfliktar i Europa, og enda om lag samtidig med dei. Den siste av dei fire konfliktane som blei utkjempa er kjend som Den franske og indianske krigen i eintal.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne