لإمارات العربيّة المتّحدة Al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttahidah (norsk: Dei sameinte arabiske emirata, emiratarabisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Isji biladi» | ||||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||||
Hovudstad | Abu Dhabi | ||||||
Styresett |
Føderal republikk Khalifa bin Zayed Al-Nahyan Mohammed bin Rashid Al Maktoum | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
83 600 km² (114.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2010) – Tettleik |
6 072 475 (111.) 6 888 888 72,6 /km² (114.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. desember 1971 | ||||||
Nasjonaldag | 2. desember | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
641 900 mill. USD (32.) 78 700 USD (9.) | ||||||
Valuta | Emiratarabisk dirham (AED) | ||||||
Tidssone | UTC +4 | ||||||
Telefonkode | +971 | ||||||
Toppnivådomene | .ae
|
Dei sameinte arabiske emirata (arabisk دولة الإمارات العربية المتحدة Dawlat al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttaḥidah), stundom berre kalla Emirata eller UAE, er eit land søraust på Den arabiske halvøya ved Persiabukta. Det grensar til Oman i aust og Saudi-Arabia i sør, i tillegg til ei maritim grense med Qatar og Iran. I 2013 hadde Emirata 9,2 millionar innbyggjarar, der 1,4 millionar var emiratarabiske borgarar og 7,8 millionar utlendingar.[1]
Landet vart grunnlagt i desember 1971 og er eit samband av sju emirat, Abu Dhabi (som tener som hovudstaden), Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al-Khaimah, Sharjah og Umm al-Quwain. Kvart emirat vert styrt av ein absolutt monark. I lag dannar dei det føderale høgsterådet. Ein av monarkane vert vald som president i Dei sameinte arabiske emirata. Islam er offisiell religion i UAE, og arabisk er offisielt språk, sjølv om engelsk vert mykje nytta.
Oljereservane i landet er dei sjuande største i verda,[2] medan naturgassreservane er dei 17. største.[3] Den avlidne Sjeik Zayed, som styrte i Abu Dhabi og var den fyrste presidenten i UAE, hadde styringa med utviklinga av Emirata og styrte oljeinntektene inn i helsevesen, utdanning og infrastruktur.[4] Økonomien i UAE er den mest diversifiserte i Golfrådet, og den mest folkerike byen Dubai har oppstått som ein global by og eit knutepunkt for internasjonal flytrafikk.[5][6] Likevel er landet særs avhengig av eksport av petroleum og naturgass.[7][8][9]
UAE har vorte kritisert for korleis dei handsamar menneskerettane, mellom anna ved bruk av sjarialover i rettssystemet.[10][11][12] Den aukande internasjonale profilen til UAE har gjort at analytikarar har gjeve landet status som ei regionsmakt og ei mellommakt.[13][14]