Dei skandinaviske fjella (på svensk Skanderna, Fjällen eller Kölen) er fjellkjeda som går langs Den skandinaviske halvøya. I nord går fjellrekkja under namnet Kjølen, og frå Finnmark til Femunden er Kjølen grensefjella mellom Noreg og Sverige; vidare sørover inngår Dovrefjell og Langfjella i dei skandinaviske fjella. Vestsida av fjella går bratt ned mot Nordsjøen og Norskehavet, og dannar fjordane i Noreg, medan dei i nordaust heller sakte mot Finland. I nord dannar dei grensa mellom Noreg, Sverige og Finland, men er stort sett ikkje meir enn åsar i nærleiken av Nordkapp.
Fjella er ikkje veldig høge og Galdhøpiggen i Sør-Noreg er det høgaste med 2 469 m. Sidan dei ligg så pass langt nord og får ein jamn tilføring av fukt frå vest finst det likevel mange ismarker og isbrear her. Mange fjella er òg svært bratte, og dette gjev dei ein praktfull og dramatisk utsjånad. Kebnekaise er den høgaste toppen på svensk side med 2 103 m, medan Halti er det høgaste i Finland med 1 328 m.
Det skandinaviske fjellsystemet er geologisk knytt til fjella i Skottland, Irland, og på andre sida av Atlanterhavet med Appalachane i Nord-Amerika. Geologar meiner at alle desse fjella danna ei enkel fjellkjede på superkontinentet Pangaea. Dei noverande fjella er restane etter den Den kaledonske orogenesen, som mange geologar meiner er den største fjellkjeda gjennom historia.