Delfiakake er ei konfektkake som er laga med kokosfeitt (den opphavlege oppskrifta er med delfiafett, derav namnet) og kokesjokolade som hovudingrediensar. Det spesielle med delfiakake er at ho ikkje treng å steikast i omn. Kaka må berre stå kjølig så ho stivnar. Ein lagar henne særleg til jul.[1]
Delfiakake består av lag av sjokolade, som på grunn av kokosfeittet får ein fast, men tyggevennleg konsistens, og mellom desse laga marsipan og søt kjeks, gjerne Per kjeks.[2] Ho vert gjerne pynta med geletoppar. Ein annan måte å lage kaka på er å blande all sjokolade- og kokosfeittmassen med alt ein vil bruke til fyll, det vere seg Per kjeks, marsipan, nøtter, tørka aprikosar, rosinar eller anna.